Ambulerande røysting søknadsfrist 7. september

Dersom du ikkje kan røyste på på dei ordinere røystestadane kan du søkje om å få røyste der du er.
Send søknad til postmottak@stryn.kommune.no eller ring 57 87 47 00 og be om ambulerande røysting. 

Det er eit krav i vallova at kommunen skal gjennomføre ambulerende røystegjeving for innbyggarar som er sjuke eller uføre, og dermed ikkje kjem seg til eit ordinært vallokale.

Ambulerende røystegjeving skjer ved at to stemmemottakarar reiser heim til veljaren slik at han eller ho får avgje  stemma si der.

Veljaren må søkje om å få stemme heime, men lova krev ikkje at denne søknaden er skriftleg. Det er nok  at veljaren tek kontakt med kommunen og ber om å få stemme heime på grunn av sjukdom eller uførheit.