Nordfjordkonferansen 2024, Operahuset Nordfjord 11. juni

Nordfjordkonferansen er ein næringslivskonferanse for heile Nordfjord, på tvers av bransjar og næringar. Temaet blir «bu, leve og arbeide i Nordfjord» og du vil få høyre lokale, regionale og nasjonale foredragshaldarar som vil inspirere, motivere og engasjere.

Foredragshaldarar under Nordfjordkonferansen: 

  • Erling Sande – Kommunal- og distriktsminister 
     
  • Jon Askeland – Fylkesordførar Vestland fylkeskommune 
     
  • Helene Frihammer – Regiondirektør NHO Vestland 
     
  • Lokale aktørar frå Nordfjord: Kristine Dahl, Arild Bødal, Sindre Seppola Reed, Sindre Kvalheim, Knut Tore Nes Hjelle og Randi Humborstad  
     
  • Inge Solheim, ein av verdas leiande adventure- og polarguidar, med over 20 ekspedisjonar til Nordpolen, samt ekspedisjonar til Sydpolen, Sibir, Kazakhstan, Himalaya med fleire, vil også halde inspirasjonsforedrag. Han leia også ekspedisjonen «Walking with the wounded» til Nord- og Sydpolen saman med Prince Harry for nokre år sidan. Her vart det også laga eit TV-program som vart svært populært i Noreg.


Mats Andersson er konferansier, Sigurd Reksnes vil ønskje velkomen og operasongar Eivind Kandal gjev eit musikalsk innslag
Det vil bli servert varm lunsj, og noko attåt kaffien.


Næringslivskonferansen er open for alle!
 
Arrangørar for konferansen er Inviro i samarbeid med Vestland fylkeskommune og Nordfjord-kommunane og hovudsponsor er Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
 

 

Bilde av plakat med aktørane - Klikk for stort bilete