Ukraina og beredskap i Stryn kommune

Mange har spørsmål rundt Russland sitt angrep på Ukraina og korleis dette vert handtert i Norge. Les kva kommunen gjer og kvar du finn nasjonal informasjon.

Mottak av flyktningar i Stryn kommune

Stryn kommune seier ja til busetting av 110 flyktningar i 2022, familiegjenforeining kjem i tillegg. Dette vart bestemt i kommunestyremøtet 24. mars 2022, sak 020/22.  Det pågår no eit kartleggingsarbeid for å få oversikt over både private og kommunale bygg som kan eigne seg som bustad for flyktningane. 

Kommunen må også vurdere kapasitet i tenestene. Dei som er registrerte og blir busett etter avtale med IMDi vil ha rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet og skal få opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Barn vil ha rett på barnehageplass og opplæring i skule, og alle vil ha rett til helsehjelp. Dei vil også ha rett til stønad ved behov.

Viktig at alle som kjem registrerer seg!

- Ta kontakt med politiet eller kommunen

Ukrainarar med familie og vener i Norge kan på eiga hand finne innkvartering, men det er viktig at dette vert formalisert ved registrering slik at kommunen avtalar busetting med IMDi.

Å verte registrert som asylsøkar er viktig, for mellom anna å utløyse rett til økonomisk stønad, mottaksplass/bustad, helsetenester, barnehage, skule osb. i det norske samfunnet. Utgangspunktet er at dei som har behov for å søke vern (asyl) og bli innkvartert på asylmottak i Norge, vert tekne imot på Nasjonalt ankomstsenter i Råde. 

Ukrainarar som er komne til Stryn må registrere asylsøknaden sin ved Stryn politistasjon.

Vi oppmodar alle til å bidra til at informasjon om registrering og timebestilling når ut til ukrainarar som oppheld seg i kommunen.
 

Busetjing via AMOT-ordninga, Utlendingsdirektoratet (UDI)

 

Busetjing via IMDi

Busetjing på eige initiativ

Har du spørsmål og treng å ta kontakt med oss?

Ta kontakt med Siv Otterdal Bøe 469 51 992, siv.otterdal.boe@stryn.kommune.no
eller Jorge Hidalgo Garcia tlf 941 68 284, jorge.hidalgo.garcia@stryn.kommune.no
 

Ny i Stryn? Velkomen!

Lag og foreiningar i kommunen vår:
istryn.no

– Har du ledig bustad? 

Norge har opna for å gje kollektiv beskyttelse til ukrainarar som er på flukt frå krig, og det blir no jobba med å etablere fleire mottaks- og busettingsplassar over heile landet. Alle kommunar i Norge er bedt om å vurdere kapasiteten til å busette flyktninger frå Ukraina, og kor raskt ein vil kunne busette.

Stryn kommune kartlegg no kva offentlege bustadar/bygg som kan gjerast tilgjengelege for ukrainske flyktningar i vår kommune. Vi ønskjer også å få kartlagt privatpersonar eller organisasjonar som ønskjer å tilby eller veit om tilgjengelege bustadar kommunen kan bruke til midlertidig innkvartering eller fast busetjing.

Stryn kommune ønskjer kontakt med deg som har bustad for langvarig leige (minst 1 år).

Har du plass til flyktningar frå Ukraina?

Takk for registreringa! Vi tek kontakt med deg om det vert aktuelt med leige.
Nærare informasjon ver vennleg kontakt Jorge Hidalgo tlf 941 68 284.

Registreringa er uforpliktande både for deg og for kommunen.

Dersom det vert aktuelt for kommunen å leige bustad av deg, vert du kontakta.
 

Kontroll og oppfølging av kjæledyr frå Ukraina 

I samband med den pågåande situasjonen i Ukraina er det venta ei aukande mengde flyktningar, og fleire av desse kjem frå Ukraina til Norge med kjæledyra sine.

Ukraina er ikkje medlem av EU, og har ein annan dyrehelsestatus enn Norge, m.a. for rabies. Normalt sett er det strenge reglar for innførsel av kjæledyr til EU/EØS, men i samband med situasjonen legg Mattilsynet no til rette for at flyktningar frå Ukraina skal kunne ta med seg kjæledyra til Norge. For at dette skal kunne skje utan risiko for spreiing av uønskte sjukdomar, skal Mattilsynet følgje opp desse kjæledyra ved ankomst.

Vi oppmodar i denne samanheng om å ta kontakt med Mattilsynet dersom du veit om, eller har kjennskap til flyktningar som kjem med kjæledyr. Kostnader knytt til handtering, kontroll og ev. anna tilhøyrande oppfølgjing vert dekka av Mattilsynet.

Du kan lese meir om dette, samt finne anna aktuell informasjon på desse sidene: 
Ukraina | Mattilsynet (norsk, engelsk og ukrainsk).
Om det er spørsmål knytt til dette, ta kontakt med Mattilsynet på telefon: 22 40 00 00

 

Informasjon frå nasjonale myndigheiter

 

Informasjon om hjelpeorganisasjonene sitt arbeid