Har du plass til flyktningar frå Ukraina?

Hjelp til dei som må flykte frå krigsherjingane i Ukraina er eit felles ansvar der kommunane no må gjere seg klare til å hjelpe.

Stryn kommune har fått brev frå IMDI (Inkluderings og mangfoldsdirektoratet) med spørsmål om kor mange flyktningar frå Ukraina vi kan ta imot dersom behovet endrar seg på kort varsel.

Husvære som kommunen har tilgjengeleg, er ikkje nok til å dekke behovet dersom flyktningstraumen aukar og fleire av dei som er på flukt frå Ukraina kjem til Stryn.

Vi kan kome til å trenge fleire husvære, og ber deg om å melde frå til oss dersom du har bustad som kan leigast ut for kortare eller lengre periode. 

Stryn kommune ønskjer kontakt med deg som har bustad for langvarig leige (minst 1 år).

Har du ledig husvære er det fint om du fyller ut dette skjemaet og sender inn.

Takk for registreringa!

Vi tek kontakt med deg om det vert aktuelt med leige.