Høyringar

Når eit planframlegg blir lagt ut på høyring kan innbyggarane seie si meining om framlegget. 

 Dette er saksgangen for handsaming av eit planframlegg

  1. Når planframlegget er politisk handsama blir framlegget lagt ut til  høyring.

  2. I høyringsperioden kan dei som er berørt og andre interesserte sende inn merknader til planframlegget.

  3. Dei mottekne merknadane blir ein del av saksframlegget når planen blir lagd fram til ny politisk handsaming.

Det er viktig å sende inn kommentarar innan den fristen som er kunngjort. For seint innkomne merknader vert i utgangspunktet ikkje tekne inn i saka.

Merknader skal sendast til postmottak@stryn.kommune.no eller til

Stryn kommune
Tonningsgata 4
 6783 Stryn.

Du kan også levere merknader til Servicekontoret Stryn kommune, Tonningsgata 4.

Viktig: Dersom det er vist til ei anna adresse for innsending av merknader, må du bruke denne.

Valnemnda har handsama fleire saker om val til domstolar for perioden 2021 - 2024. Sakene vart handsama i møte 30. april 2020.

 

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv – Offentleg ettersyn – Tiltaksprogram for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2021-2024. Her er oversikt over prioriterte og uprioriterte ordinære idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftslivsanlegg.

 

Vestland fylkeskommune skal i samarbeid med Stryn kommune lage detaljreguleringsplan for to naustområde langs fv. 60 Ugla - Skarstein. Det er to naustområde som skal utvidast frå gjeldande reguleringsplan, naustområde N3 og N4.