Forslag til nokre vegnamn i Tindegrenda og Tonningskamben - høyring
Forslag til vegnamn på nye/planlagde vegar i bustadfeltet Tonningskamben og hyttefeltet Tindegrenda er på høyring. Vi har fått inn ein del forslag til vegnamn som er blitt handsama i kommunen si namnenemnd som har kome med tilråding. Språkrådet har fått forslag til vegnamn til uttale og har ikkje merknader til namna som er på høyring. Vegnamnet bør vere lokaliserande, ikkje vere likt andre vegnamn i kommunen og ein bør unngå namn som er i bruk i nabokommunane.
TINDEGRENDA

Veg 1257: Raud farge. Hestesteinvegen
Veg 1260: Grøn farge. Rugdevegen
Veg 1261: Lilla farge. Tiurvegen
Forslag til vegnamn på veg 1258 og 1259 er ikkje klar enno
TONNINGSKAMBEN

Veg 1262: Raud farge. Tonningskamben
Veg 1263: Grøn farge. Konglevegen
Veg 1265: Gul farge. Endrehjellvegen
Forslag til vegnamn på veg1264 er ikkje klar enno.
Vidare gang i saka:
- Vurdering av eventuelle merknader
- eventuell ny handsaming i Namnenemda,
- om endra tilråding blir nye forslag til vegnamn sendt til uttale til Språkrådet og lagt ut til ny offentleg høyring
- Vedtak av vegnamn av Utval for samfunnsutvikling
- Kunngjering av vegnamn og høve til å klage
Sist endra 22.07.2025 09.25