Høyring - lokal forskrift om tilskot til private barnehagar 2027

Stryn kommune legg lokal forskrift om tilskot til private barnehagar til offentleg ettersyn.

Høyringsfrist: 9.oktober

Stortinget vedtok i 2025 endringar i finansieringsordninga for private barnehagar. Endringane trer i kraft frå 01.01.2027.
Det nye regelverket inneber at det tidlegare driftstilskotet vert erstatta av tre ulike tilskotsordningar:
·
Grunntilskot etter barnehagelova § 19a·
Pensjonstilskot etter barnehagelova § 19b·
Eigedomstilskot etter barnehagelova § 19c


Kommunen skal fastsetje satsane for grunntilskot gjennom lokal forskrift. Pensjonstilskot og samla tilskot til den enkelte private barnehage skal framleis fastsetjast gjennom enkeltvedtak.
Forskrifta omfattar berre satsane for grunntilskot. For Stryn kommune er det berekna følgjande satsar per heiltidsplass for 2027:
Aldersgruppe og sats pr år:
Barn 0–2 år kr 328 302
Barn 3–6 år kr 177 362

Kommunen har i berekningsgrunnlaget nytta samla ordinære driftskostnader i dei kommunale barnehagane. Det er ikkje halde ut kostnader som gir grunnlag for ekstra grunntilskot etter barnehagelova § 19a andre ledd.
Forskrifta inneheld difor ikkje eigne satsar for ekstra grunntilskot.
Etter forvaltningslova § 37 skal forskrifta sendast på høyring før endeleg vedtak. God forvaltningsskikk tilseier normalt minst seks vekers høyringsfrist.
Etter høyringsperioden vil eventuelle innspel bli vurderte før saka vert lagt fram for ny politisk handsaming med endeleg vedtak av forskrifta.

Lokal forskrift om tilskot til private barnehagar 2027

Høyringsfrist: 9.oktober 2026 send innspel til postmottak@stryn.kommune.no