113.no – Norges offentlege nettstad for førstehjelp
Førstehjelp er kjempeviktig og kan i mange tilfelle redde liv. På 113.no finn du informasjon og oversikt over alt innan livreddande førstehjelp. Men er du i tvil, nøl aldri med å ringje 113.
På 113.no kan du lese om kva du bør gjere i ulike situasjonar:
Førstehjelp kan redde liv
Les om livreddande førstehjelp: Korleis du utfører førstehjelp på babyar, vaksne og barn, gjenkjenner symptom på hjerneslag og hjarteinfarkt, og få mange gode råd.
Hjartestarterregisteret kan redde liv
Det offentlege hjartestarterregisteret vert drifta av helsemyndigheitene og gjer hjartestartarar tilgjengelege for 113-sentralane. Her kan du finne, registrere og få vite meir om hjartestartarar.
Kva nødnummer du skal ringje når
Det er ikkje alltid lett å vite kvar ein skal vende seg med medisinske problem. Når skal du ringje 113 Medisinsk nødtelefon og når skal du kontakte fastlegen eller kanskje legevakt på nasjonalt, gratis nummer 116 117? Om det dreiar seg om forgifting kan ein kanskje heller ringje Giftinformasjonen 22 59 13 00.
Tips og råd til deg som har gitt førstehjelp
Har du gitt førstehjelp i eit ulykkestilfelle og lurer på korleis det gjekk?
Førstehjelpskurs er viktig
Dei fleste som får bruk for førstehjelp må gje hjelp til ein dei kjenner. Det er derfor alltid ei god investering å ta førstehjelpskurs, slik at du kan redde ein du er glad i. Ofte er det ikkje så mykje som skal til for å avgrense skadeomfanget, du må bare vite kva du skal gjere.
Om Stryn legekontor
Sist endra 26.09.2024 10.00