2G-nettet blir stengt – sjekk utstyret ditt no
Etter å ha tent oss trufast i over 30 år, går 2G-nettet no mot slutten. Frå august 2025 stenger Telia sitt 2G-mobilnett, medan Telenor startar nedstenginga av sitt 2G-nett 31. desember 2027.
Dette betyr at utstyr som er avhengig av 2G-nettet vil slutte å fungere. Det gjeld til dømes eldre mobiltelefonar, alarmsystem, betalingsterminalar, fjernstyring av utstyr og enkelte typar smartteknologi.
For å vere trygg på at du ikkje mistar viktig funksjonalitet, bør du allereie no sjekke om utstyret ditt støttar nyare mobilnett som 4G eller 5G – og vurdere å oppgradere dersom det ikkje gjer det. For mer informasjon om korleis du kan sjekke om utstyret ditt er klart for 4G og 5G, ta kontakt med din mobiloperatør eller utstyrsleverandør.
Ta grep i tide – så er du klar når 2G blir historie.
Les meir på byttnettna.no
Både Telia og Telenor har informasjon om stenginga av 2G-nettet.
Les gjerne meir på deira nettsider:
Les gjerne også informasjon frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
Sist endra 03.06.2025 15.11