Norsk friluftsliv har laga film om allemannsretten:
Sjå filmen om allemannsretten
Nokre enkle ferdselsreglar
Bandtvang: Stryn kommune har vedteke lokal forskrift om utvida bandtvang. Bandtvangen gjeld frå 1. april til 15. oktober i heile kommunen. Forskrift om utvida bandtvang, Stryn kommune, Sogn og Fjordane
Beite: Om sommaren vert mange av turområda brukt til beite for sau og storfe. Vis omsyn om du møter beitedyr og ikkje jag dei. Meld frå til næraste gard om du kjem over sjuke, skadde eller døde dyr
Praktiser skånsam ferdsel, og ikkje ta deg til rette på private vegar, tun og stølar
Bålforbod: Det er generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbode å tenne opp eld i nærleiken av skog og utmark. Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Stryn kommune
Bråtebrenning er ikkje tillatt uansett tid på året i område med tett bebyggelse og i bustadfelt
Ver forsiktig med eingongsgrillar
Kast ikkje søppel i naturen. Flaskeskår og blikkboksar kan skade både dyr og folk, det same kan rista frå eingongsgrillen
La sjeldne og sårbare vekstar få stå i fred. Dei er vakrast der dei står
Aktuelle lover
Friluftslova
Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag