Anleggsstart Loen - Solvik

Volda Maskin AS er no klar til full oppstart av anleggsarbeidet i Loen – Solvik. Det blir først starta med å opparbeide plass for brakkerigg i Solvik der avkøyringa til den nye kommunale vegen til Leitekvia skal gå.

Modell. Illustrasjon - Klikk for stort bileteModell av ny veg.

Samtidig blir det vegetasjonsrydding og avdekking langs fylkesveg 60, frå brakkeriggen og innover til Loen Skylift (frå A til B).

Modell av veg. Illustrasjon - Klikk for stort bileteLoen Skylift (A), brakkerigg (B).

I den samanheng vil 80-sona på fylkesveg 60 på dette strekket bli sett ned til 50 km/t og det vil bli innsnevring til eit køyrefelt med lysregulering der arbeidet pågår.

Det blir også starta med opparbeiding av den nye tilkomstvegen til Leitekvia frå fylkesveg 60 og vestover. Deler av denne vegen og gang- og sykkelvegen frå Loen Skylift til Solvik skal etter planen vere ferdig innan 1. juli 2024.
Heile den 1 km lange vegen til Leitekvia, samt bustadfeltet i Solvik, er planlagt ferdig opparbeidd innan 1. juli 2025.

 

Leitekvia (C), brakkerigg (B).

Det vil bli ein del massetransport i området framover ei tid.

Anleggsarbeidet vil pågå i 2 år og vi håpar på forståing for dei ulempene arbeidet vil medføre og håpar alle ser fram til å få dei etterlengta vegane ferdige.

Prosjektleiar
Solrun Alden Gjelsvik