Har du hund? Hugs at det er bandtvang i Stryn kommune frå 1. april til 15. oktober.
Frå 1. april til og med 20. august er det generell bandtvang i Norge. Alle hundar skal haldast i band eller forsvarleg inngjerda under heile perioden. Dette er for å sikre at hunden ikkje skremmer opp eller jagar fugl, vilt og beitedyr. Stryn kommune har utvida bandtvangen til 15. oktober.
Sist endra 13.05.2025 14.48