Bekymringsmelding til barnevernet

Stryn kommune og IKT Nordfjord har ikkje avdekka feil i system for bekymringsmelding som er sendt til barnevernet i kommunen. Vi samarbeider også med leverandøren Visma.

Tidlegare i dag varsla Bergen kommune om ein feil i systemet for bekymringsmelding til barnevernet. Same feil kunne gjelde for 244 kommunar. Feilen bestod i at innsende bekymringsmedlingar vart sletta før dei kom fram til kommunen. 

Stryn kommune har hatt gjennomgang av loggar og systemdata og gjennomgangen viser at bekymringsmeldingar som er sendt til Stryn kommune har kome fram og systemet for mottak og lagring fungerer slik det skal.

Dersom nokon likevel ønskjer å få kontrollert at bekymringsmeldinga deira har kome fram, så kan ein sende den på nytt eller ta kontakt med Barneverntenesta i kommunen.