Beredskap mot akutt forureining (IUA)
Stryn kommune er del av eit interkommunalt samarbeid gjennom IUA (Interkommunalt utval mot akutt forureining) i Nordfjord.
IUA har ansvar for beredskap mot akutt forureining, og skal verne det ytre miljøet mot skade som følgje av utslepp av olje, kjemikalier eller andre farlege stoff. Samarbeidet omfattar fleire kommunar og sikrar ein rask og koordinert innsats ved hendingar som kan påverke natur, sjø og lokalsamfunn.
Ved akutt forureining er det forureinar som har hovudansvar for å handtere situasjonen. Dersom forureinar ikkje er kjend eller ikkje er i stand til å handtere utsleppet, vil IUA tre inn og koordinere innsatsen.
Varsling
Ved akutt forureining eller fare for akutt forureining skal du varsle brannvesenet på telefon 110.
Meir informasjon
Les meir om arbeidet til IUA Nordfjord på deira nettside.
Sist endra 28.04.2026 11.22