Berekraftanalyse av reiseliv i Stryn

Stryn kommune har i politisk sak bedt om at det vert utført ei berekraftanalyse av reiseliv i Stryn, herunder også ei tolegrenseanalyse.

To medarbeidarar vil i denne anledninga utføre kartlegging og datainnsamling ulike stadar i Stryn i heile juli månad. Dei har på seg kle merka «Stryn kommune – Reiselivsundersøkelse» og ber synleg ID-kort. Ta difor vel imot to masterstudentar i geologi, Vilde Gjerde og Kristel Kaselaan, som forsøkjer å uroe omgjevnadane minst mogleg medan dei utfører arbeidet.

Datafangsten vert utført som observasjon, fysisk undersøkjing av natur (stislitasje m.v.), og tre ulike spørjeskjema til turistar og fastbuande. Spørjeundersøkingane vert anten utført direkte på eit nettbrett eller ved å dele ut QR-kodar slik at ein kan gjere dette sjølv på telefon, nettbrett osv.

Resultata vil bli nytta til å utarbeide ein rapport med analyser og anbefalingar som skal utgjere del av politikarane sitt kunnskapsgrunnlag for deira vidare arbeid med reiseliv.

Vi vonar dette ikkje uroar dei som arbeider med reiseliv eller anna, og at ein så langt som råd legg til rette for dette. Dersom nokon har merknadar til utføringa ber vi om at ein tek kontakt med kommunen, så finn vi ut av det.

Denne spørjeundersøkinga kartlegg haldningar til reiselivsutviklinga i Stryn kommune. Svara dine er verdifulle for at vi kan få til ei berekraftig utvikling, basert på ønska og forventningane til innbyggjarane.  

Det er laga til ei spørjeundersøking i samband med berekraftanalysen og vi set pris på om du tek deg tid til å svare på spørsmåla:

Spørjeundersøking