BEST-øving ved Stryn vidaregåande skule

Var du ein av dei som lurte på kva som skjedde i grøftekanten ved Stryn vidaregåande skule etter lunsj 19. juni? Ein bil var komen i grøftekanten med ei dame bak rattet og ein passasjer i forsetet. Dette var ei iscenesett og godt planlagd  BEST-øving. 

Ei BEST-øving er øving på akutte situasjonar som kan oppstå, og er eit samarbeid mellom ambulansetenesta og det lokale legekontoret. Til kvar øving blir det utarbeida ein situasjon, eller eit case, som helsepersonellet skal jobbe ut i frå og handtere på best mogleg måte. Denne gongen var det hypoglykemi, ein tilstand med lavt blodsukker som hadde ført til nedsett medvit med påfølgande utforkjøring.

BEST-øvingar har vi to gongar for året, og formålet er å øve i trygt miljø slik at ein er betre rusta i samarbeidet om ein reell situasjon oppstår. I etterkant av sjølve situasjonsøvinga går ein gjennom korleis situasjonen blei handtert og om ein ev kunne ha gjort noko annleis.

Samarbeid, læring og tryggheit er viktige stikkord i BEST-øvingane, der fokuset er å vere rusta for å handtere reelle situasjonar. Slik kan vi best sikre at innbyggarar og tilreisande i Stryn kommune i trygge og kompetente hender om noko skulle skje.
 

Bilde av øvinga med bil og folk som jobbar - Klikk for stort bileteFrå venstre: Silje Kristin Frøysa helsesekretær ved Stryn legesenter, Reidun Mo lege, spesialist allmennmedisin, Mithra Amirthalingam lege i spesialisering 1, Anne-Britt Eide sjukepleiar ved Stryn legesenter, skuggen tilhøyrer Roar Høgalmen som er ambulansearbeidar, fiktiv pasient er Mona Helen Kile, einingsleiar helsetenester og fotograf er Grethe Hilde, fagansvarleg sjukepleiar ved Stryn legesenter.

 

BEST: Betre og Systematisk Teamtrening