Blindsonekurs på Loen skule

I samband med oppstart av anleggsarbeidet i Loen Solvik vart det denne veka halde blindsonekurs for elevane ved Loen skule. 

Volda Maskin AS som byggjer veganlegget for Stryn kommune ogVestland fylkeskommune heldt Blindsonekurset der dei stilte med lastebil på skuleplassen og samla alle elevar og lærarar. 

 

Anleggsarbeid i 2 år
Anleggsarbeidet som skal pågå i 2 år vil medføre mykje transport av lastebilar i området og då anlegget har massedeponi i Kaldedalen (aust for Loen kyrkje) vil det bli ein god del lastebil-transport mellom Solvik og deponiet, som også er skuleveg. Med dette blindsonekurset ynskjer ein å vise elevane kor viktig det er at lastebil-sjåførane ser dei. 

Harald Nygård frå Volda maskin fortalte elevane kor mange lass ein reknar med å transportere i løpet av dei neste to åra, og at elevane må ilag med lastebilsjåførane samarbeide for størst mogleg tryggleik langs vegen. Vidare forklarte han at sjølv om lastebilar er utstyrt med mykje speglar og kamera er det likevel område rundt bilen ein sjåfør ikkje er i stand til å sjå. 



Lærarane på skulen fekk i oppgåve å spele av ein film Statens vegvesen – blindsone for elevane; ein kort snutt på 80 sekund som viser kor lett det kan være å oversjå kva som foregår i blindsona. Elevane vart oppfordra til å ikkje springe/sykle mot eller bak lastebilar som ryggar, og ba elevane gjerne vinke til sjåførane når dei møter lastebilane. Når sjåførane vinkar tilbake så veit begge at dei har sett kvarandre. Etterpå fikk elevane ein etter ein kome opp i lastebilen for å sjå kva sjåførane ser derifrå, og på same tid gjekk reflekskledde inn og ut av blindsona for å demonstrere. Elevane vil også få utdelt kvar sin refleksvest av Volda maskin AS. 

Byggherrane Stryn kommune og Vestland fylkeskommune takkar Volda Maskin AS for god og viktig informasjon til elevane og kanskje var dette også med på å rekruttere framtidige medarbeidarar til anleggsbransjen?