Bra mat for betre helse er ei kursrekke utvikla av Helsedirektoratet, basert på dei nye nasjonale kostråda. Kurset kan gje deg kunnskap og inspirasjon , samt praktiske verktøy til å ta gode matval i kvardagen din.
Kurset passar for deg som:
- ønskjer inspirasjon og støtte til å endre matvanar
- vil lære meir om å ta sunne val og planlegge i kvardagen
- vil bygge vanar for betre helse
Kurset går over 6 samlingar: Kursdag er Måndagar, frå Kl.13.15-15.15
Kursdatoar: 3.nov, 17.nov, 1.des, 15.des, 12.jan og 2.feb
NB: Kurset er ikkje eit behandlingsopplegg for spesifikke diagnosar eller vektreduksjon. Det kan likevel passe for deg som med fordel kan endre levevanar for å redusere risiko for, eller utvikling av sjukdom.
Stad: Frisklivssentralen i Stryn (1.etg Stryn omsorgssenter).
Kurshaldarar: Monica Beate M Hesjedal og Gunn Skrede
Pris: 300,- (innkluderer lett servering)
Påmelding innan 30.oktober: Send sms med namn til 48890895
Bra mat for betre helse
Sist endra 17.10.2025 15.29