Branntilløp sikringsskap ved Vikane skule

Tysdag morgon 6.desember måtte ein handtere eit branntilløp i eit sikringsskap ved skulen.  Elevane er på skulen no, og det er tilnærma normal drift

  Feilretting og reparasjon vart raskt sett i gong, internett fungerer som normalt. Skulen har fått tilbake straum i delar av bygget.
Onsdag 7.desember vil det vere vanleg drift på skulen. Endringar i drift av skulen blir varsla dersom dette skulle bli nødvendig.