Den gradvise gjenopninga av Stryn held fram 

Det er gledeleg at vi i Stryn kommune kan ta nokre steg for å gjenopne samfunnet. Tiltaka vi har sett inn har hatt god effekt, og vi ser no at det er ingen som er sjuke av korona i Stryn. Det skuldast først og fremst at vi var tidleg ute med tiltak, og at folk har følgt smittevernreglane.

Kommunedirektør i Stryn, Rune Hovde, er svært takknemleg for den gode innsatsen til innbyggjarane i Stryn, til næringslivet og til alle som har stått i førstelinja i kampen mot smittespreiing.

Kommunesenteret er framleis stengt, men du kan ringje 57 87 47 00 og avtale møtetid med saksbehandlarar. Etter lang tid med heimekontor, er dei tilsette no tilbake på kommunesenteret.

Barnehagane i Stryn gjenopna 20. april. Småskulen (1.- 4. trinn) og SFO gjenopna 27. april.
Elevane på 5. - 10 trinn starta på skulen frå måndag 11. mai. 
Vaksenopplæringa opnar i nyoppussa, flotte lokale måndag 18. mai. Biblioteket opnar også 18. mai.

Stryn kommune følgjer retningsliner og rettleiarar frå nasjonale myndigheiter, og har ikkje høve til å gje dispensasjoner frå desse. Er du usikker på tolkinga av regelverket, må du gjerne ta kontakt.

Uansett kvar du er utandørs, i butikkar eller på serveringsstadar, er det fem gode hugsereglar som gjeld:
• Vask hendene grundig og ofte, unngå å ta deg til ansiktet
• Hald minst ein meter avstand. Avstanden gjeld både innad i gruppa og til andre personar. Gjeld ikkje for personar som lever saman til vanleg
• Ha god hoste- og nysehygiene
• Ver saman i små grupper, maks 20 personar er no normen
• Hald deg heime om du er sjuk, og respekter gjeldande reglar for karantene og isolasjon