Dette har eg venta på, seiar ordføraren

Dette er Stryn kommune si nye heimeside.

Eg håpar at innbyggjarane og andre som ser denne nettsida opplever den  som oversiktleg og publikumsvennleg.

Det var på tide at vi tok dette steget og gjenomførte  arbeidet med å  legge tilrette for at Stryn kommune si heimeside  vart ein nettstad som presentererer kommunen sitt tenestetilbod på ein god og lettfatteleg måte.

Sida er moderne og framtidsretta og vi ønskjer at publikum brukar sida aktivt.

No kan de også sende alle søknader elektronisk. Dette gjer at de i mindre grad blir avhengig av kommunen sine opningstider. Alle digitale skjema er lagt opp slik at ein fyller dei ut stegvis. Vi har lagt inn informasjon og rettleiing i skjema for å gjere utfylling enkelt og greit.

No vil eg at innbyggarane engasjerer seg. Er det noko vi kunne gjort på ein annan måte? Har du innspel til endringar og forbetringar, send ei melding til redaksjon@stryn.kommune.no  
Det er viktig at kommunen heile tida jobbar i takt med den digitale utviklinga og dette gjer vi best saman. Difor er det viktig at du kjem med innspel, tips og spørsmål til den nye nettsida.

Og til alle som skal bruke nettsida ønskjer eg lykke til.