Digitale foredrag på biblioteket
Biblioteket presenterer i 2025 eit heilt nytt tilbod. Om lag annakvar måndag kl. 11 – 12 kan du kome på biblioteket og vere med på digitale foredrag. Vi har gått inn på eit samarbeid med Senioruni og kan difor tilby publikum i Stryn kvalitetsforedrag av anerkjente ekspertar og nokre av dei beste føredragshaldarane i landet.
Foredraga er direkte og publikum kan spørje foredragshaldar spørsmål etter foredraget, dersom dei ønskjer det. Vi vil arrangere dette annakvar måndag fram til sommaren og byrjar allereie måndag 13. januar kl. 11.00 med Marte Spurkland og “Historien bak 1178 netter”, den bestseljande boka om historia om eit tvangekteskap.
Tema på dei ulike foredraga vil vere innanfor historie, samfunn og politikk, kunst og kultur, samt medisin og helse.
Vi vil også tilby å kjøpe enkel lunsj dersom nokon ønskjer det, eller ein kan ta med matpakken sin. Vi spanderer uansett kaffien!
Vi håpar fleire har høve til å ta ei utvida lunsjpause ein eller fleire gongar i løpet av våren, og slik få godt påfyll både i mage og hovud.
Foredraga er som nemnd gjennom SeniorUni, men arrangementa er for alle og foredraga vil passe vaksne og eldre, og mange av dei vil også passe ungdom. Det er difor mogeleg å ta med seg VGS-elevar om dette er ønskeleg på nokre av foredraga.
Det vil kome meir informasjon om kvart enkelt foredrag på strynbibliotek.no
Vårens program:
- Måndag 13. januar kl. 11: Marte Spurkland – 1178 netter – ei historie om tvangsekteskap i Norge
- Måndag 20. januar kl. 14 (merk tida!): Arnt Stefansen – Frå kyrkjemålar til bacalao – nordmennene si unike historie i Sør-Amerika
- Måndag 27. januar kl. 11: Torolf Kroglund – Historia om eplet
- Måndag 10. februar kl. 11: Evy Johanne Håland – Frå Tinos til antikkens Athen: Fest, tru og kultur gjennom tidene
- Måndag 24. februar kl. 11: Prof. Dag Jørund Lønning – Den naturnære hagen
- Måndag 10. mars kl. 11: Linn Stalsberg – Krig er forakt for liv
- Måndag 24. mars kl. 11: Liv Bjørnhaug Johansen – Diagnose: Kvinne – Korleis kvinnehelse hamna i medisinen si blindsone
- Måndag 7. april kl. 11: Vibeke Riiser-Larsen – Årstidene: Naturens under – frå hjernespisande dyr til vårens første humle
- Måndag 14. april. kl. 14 (merk tida!): Arnt Stefansen – Kva er typisk italiensk? Ei reise gjennom kultur, historie og lidenskap
- Måndag 5. mai kl. 11: Caroline Tromp – Tilbakeslaget – kva betyr den reaksjonære bølga for oss?
- Måndag 19. mai kl. 11: Hege Sofie Hesselberg – Korleis kan seniorer bli i arbeid lengst mogeleg?
- Måndag 2. juni kl. 11: Magnus Takvam – Tett på makta – 40 år i norsk politisk journalistikk
- Måndag 16. juni kl. 11: Arnt Stefansen – Kyrkja og paven si makt – ei nøkkel til Italias historie
Sist endra 10.01.2025 11.01