Eigedomsskatt

Skatteseddel for 2022 vert sendt ut innan 1. mars 2022. Registrert eigar av eigedomen (tinglyst eigar) er ansvarleg for eigedomsskatten. Er det fleire eigarar blir ein av dei sett opp som kontaktperson.

Kommunestyret har vedteke at skattesatsen for 2022 er 3,4 promille.

Faktura for eigedomsskatt vert sendt ut saman med andre kommunale avgifter i to terminar (april og oktober).

Vert skatten for ein eigedom mindre enn kr. 300,- skal den ikkje skrivast ut.

 

Slik har kommunen taksert eigedomane (PDF, 190 kB)

Korleis forstå skatteseddelen steg for steg (PDF, 38 kB)