Eigenberedskapsveka 2022

Frå 31. oktober til 6. november (veke 44) inviterer Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) kommunar og innbyggarar til å vere med på Eigenberedskapsveka 2022.

DSB arbeider med å førebygge ulykker, kriser og andre uønska hendingar i Norge. Målet med veka er å setje fokus på eigen beredskap og sørge for ei godt førebudd befolkning. 

Med enkle grep blir du betre rusta til å klare deg sjølv i minst tre døgn i ei krise. Gjennom nettsida sikkerhverdag.no gjev DSB informasjon om korleis ein enkelt kan forebygge uhell i heimen. Her finn du også tips til korleis du kan bli betre rusta til å takle litt større kriser og hendingar.

Vi oppmodar alle om å gjere eit lite løft for beredskapen i kommunen!