Status 1.11 kl 15.30
Innvik: Vegen er opna igjen
Lodalen: Vegen er opna, eit felt stengt
Oldedalen: Vegen framleis stengt
Olden/Skarstein: Fylkesveg open, eit felt stengt, rydding pågår
Oppstryn/Nesje: Vegen er open
Oppdatering 1.11 kl 14.00
Vegen til Mork vert truleg opna i løpet av dagen .
Oppdatering 1.11 kl 11:45
Kommunedirektør Jon Nesje opplyser at varselet som NVE delte på det operative samhandlingsmøtet no i føremiddag, fortel at faren for jord- og flaumskred går frå oransje til gult nivå, og flaum frå raudt til oransje.
-NVE gjennomfører ulike målingar og vassføringa er framleis stor men avtakande, opplyser Nesje.
Klikk for info:
Oppdatering 1.11 kl 10:45
Skarsteinvegen er stengd mellom Ytre og Indre Skarstein.
Vegen er stengd for all trafikk, inkludert gåande, grunna utrasing av skråninga mot elva. Vegen vil vere stengd til skråninga er sikra.
Vegen frå rv 15 til Mork er stengd, vegen er rasa ut.
Oppdatering 1.11 kl 09:00
Rv 15 er open, manuell dirigering på Nesje.
Oppdatering 1.11 kl 08:20
Mannskap frå kommunen tek synfaring på kommunale vegar.
Oppstryn barnehage er stengt.
Oppdatering 31.10 kl 22:40
Sentralbordet Stryn kommune er ope, du kan ta kontakt på 57 87 47 00
Stryn kommune i samarbeid med Røde kors har etablert beredskap med båt i Olden, Loen og Oppstryn.
Oppdatering 31.oktober kl 19:50
Kommunen har sett krisestab og følgjer situasjonen.
Oppstryn barnehage er stengt i morgon 1.november.
RV 15 er stengt ved Nesje mellom Åning og Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Ny vurdering 01.11 kl 07:00
Oppdatering 31.oktober kl 19:15
Stryn kommune oppmodar på det sterkaste at alle planlagde arrangement blir avlyst så lenge ekstremveret “Jakob” er gjeldande.
Stengde vegar:
Desse vegane er stengde pr 1.11 p.g.a. store nedbørsmengder og overfylte rasløp.
5723 Lodalen (Sande-Bødal) ny vurdering 1.11 kl 12:00
5724 Oldedalen (Sandnes-Rustøen) ny vurdering 1.11 kl 12:00
Fv. 60 Skarsteinneset i Stryn, Vestland - fv. 60 Sletteneset i Stryn, Vestland ny vurdering fredag kl 12
Fv. 5720 Hjellestranda, Vestland.
Ny vurdering fredag 1.11 kl 12:00
Kommunen anbefaler alle å begrense ferdsel torsdag til fredag.
Kommunen oppfordrer alle til å renske slukar, stikkrenner og ev andre vassvegar på eigen eigedom.
Ved behov for akutt helsehjelp kontakt 113.
Legevakt 116 117
Tips til korleis klare seg ei veke ved ei hending