Stryn kommune arrangerte 21. april ein inspirerande workshop om digital heimeoppfølging (DHO). Tilsette frå ulike fagområde, tenester, utval og frivillig sektor møttest for å dele kunnskap, erfaringar og idear. Målet med dagen var å styrkje den felles forståinga av digital heimeoppfølging, og å utforske korleis teknologi – i kombinasjon med fagleg oppfølging – kan bidra til tryggare og meir berekraftige tenester for heimebuande innbyggjarar i Stryn.
Digital heimeoppfølging handlar om å ta i bruk digitale løysingar som støttar eigenmeistring, aktivitet og tryggleik. Samstundes gir det helse- og omsorgstenestene betre høve til planlagt og førebyggjande oppfølging. Workshopen gav deltakarane konkrete døme på korleis slike løysingar kan nyttast i praksis, og korleis arbeidsmåtar kan utviklast i takt med nye verktøy.
Ein viktig del av dagen var det tverrfaglege gruppearbeidet. Deltakarane arbeidde i samansette grupper med tydelege roller, noko som la til rette for struktur, gode samtalar og aktiv deltaking. Her vart erfaringar delte, moglegheiter og utfordringar drøfta, og det vart reflektert rundt korleis digital heimeoppfølging kan vidareutviklast i kommunen.
Tilbakemeldingane frå deltakarane var svært positive. Workshopen vart omtalt som «engasjerande», «nyttig» og «interessant», og fleire trekte fram god tid til gruppearbeid og refleksjon som særleg verdifullt. Fleire understreka også at dette arbeidet må halde fram, med kommentarar som: «Dette må vi gjere igjen» og «Vi kan ikkje stoppe no – dette er ikkje ei avslutta satsing, men starten på vidare samarbeid og utvikling».
Workshopen gav med andre ord både energi og retning for det vidare arbeidet med digital heimeoppfølging i Stryn kommune.
Einingsleiar Vikane, Grete Hilde og ergoterapeut og koordinator velferdsteknologi, Cecilie Myklebust, snakka om kva DHO er og kva tilbod vi har i Stryn i dag.
Sakshandsamarane Kari-Anne Tisthamar Haveland og Lene Drageset gir oss eit innblikk i arbeidet med tenestestandard for Stryn kommune og innsatstrappa.
Aktive og engasjerte deltakarar på DHO workshopen.
Einingsleiar helsetenester, Mona Helen Kile går gjennom gruppeoppgåvene i plenum.