Er det noko du saknar i bygda di?

LivOGlyst er eit program og nettverk for deg som ønskjer å vidareutvikle lokalsamfunnet ditt.  For å kunne få tildelt midlar frå fylkeskommunen må ein gjennom ein søknadsprosess med frist 1. november. Er det noko du saknar i bygda di? Kva treng vi? Bør det utviklast noko nytt? Har du ein ide? 

Om ein får vere med som eit LivOGlyst-prosjekt får ein tildelt driftsmidlar, delta på nettverkssamling, innsikt i prosjektmetodar og rettleiing/besøk frå rådgjevarar i fylkeskommunen.

Programmet handlar om å mobilisere dei som bur i eller har tilknyting til området. Det gjer ein gjennom å samle folk på tvers av alder og andre sosiale skilnadar og saman peike ut ein veg mot eit meir levande og inkluderande nærmiljø. No kan du søke tilskot gjennom ein frivillig organisasjon .

Alle LivOGLyst-prosjekt byrjar som eittårige forprosjekt; 
Etter forprosjektsperioden kan ein søke om å verte hovudprosjekt. Om ein får innvilga får ein stønad i tre år til å vidareutvikla LivOGLyst-prosjektet.

LivOGLyst-forprosjekt (eittårig) vert tildelt finansiell stønad for eitt år, kr 80 000.

LivOGLyst-hovudprosjekt (treårig) vert tildelt finansiell stønad, kr 300 000 fordelt over tre år.  


Kva saknar du og andre i ditt lokalsamfunn? Er det fleire møteplassar, fleire aktivitetar, fleire gode samtalar i kvardagen? Kanskje vil du arrangere camp kvar sommar, slik som dei gjer på Camp Kåsa i Langevåg? Eller rett og slett få i stand ein skikkeleg nyttårsfest for heile bygda slik som i Viksdalen?

Her er det berre fantasien og lysta som setter grenser.

Fylkeskommunen skal bidra til vekstkraft i heile fylket, gjennom å støtte livskraftige lokalsamfunn. Samarbeid med kommunen er viktig. 
Samarbeidet skal vere på lokalsamfunnet sine premissar – og det er dei som bur i området som skal eige og drive sine prosjekt.