Er du ansvarleg for ein hjartestartar? Hugs å registrere den

Hjartestarterregisteret kan redde liv. Det tek berre nokre få minutt å registrere, så kan hjartestartaren hjelpe fleire i nærområdet om nokon får hjartestans. Takk for at du vil bidra til at fleire liv kan reddast! 

 Registrer hjartestartaren her!

113 vil ved mistanke om hjartestans vise innringar til næraste registrerte hjartestartar og be nokon hente den.

Har du alt registrert ein hjartestartar? Logg på Min side for å vedlikehalde informasjonen. Det er krav til stadfesting av opplysningane kvar sjette månad. Du kan legge til fleire hjartestartarar på Min side.

Hjartestarterregisteret er nasjonalt og viser i alle 113-sentralane, i 110-sentralane og i applikasjonen Hjelp113 frå Stiftelsen Norsk Luftambulanse. Det er GRATIS å registrere hjartestartaren.

Meir om hjartestartarar og HLR

Det offentlege hjartestartarregisteret vert drifta av helsemyndigheitene.