Er du pårørande eller nær venn av ein person med demens?

MELD DEG PÅ PÅRØRANDESKULEN! Påmeldingsfrist: 21. mars.              

Pårørandeskulen i Stryn startar kurs for pårørande til personar med demens 4. april på Stryn omsorgssenter.  Pårørandeskulen er eit gratis kurstilbod til pårørande og nære vennar til ein person med demenssjukdom. Gjennom faglege førelesningar, plenums- og gruppesamtalar er målsetjinga å:

  • gi pårørande auka kunnskap om demenssjukdomar
  • gi innsikt i metodar for kommunikasjon og samhandling med personar med demens
  • bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettigheiter og aktuelle lover, og korleis ein får kontakt med hjelpeapparatet
  • tilby støtte gjennom å møte andre pårørande som er i same situasjon

 

Fellesskap med andre i same situasjon kan vere ei viktig støtte for pårørande. Ei landsomfattande evaluering av pårørandeskular viser at deltakarane har stor nytte av å delta på kurs. Informasjon og støtte kan redusere pårørande sine omsorgsbelastningar og føre til ein betre kvardag både for pårørande og den som er sjuk. Evaluering av tidlegare kurs i Stryn viser at pårørande vurderer at det å delta på kurset er til hjelp, støtte og fellesskap.


Kurset er lagt opp over 5 samlingar med fylgjande tema:

  • Kva er demenssjukdom?
  • Kommunikasjon og samhandling
  • Når åtferd endrar seg
  • Aktivitet og meistring. Trygg og aktiv kvardag med demens
  • Pårørande fortel om sine erfaringar

 

Ta kontakt om du har behov for avlastning for å kunne delta på kurset. Vi vil prøve å vere behjelpeleg med det.

 

Praktiske opplysningar

Stad: Stryn Omsorgssenter, Buketten     

Samlingar på fylgjande datoar: 04.04, 11.04, 18.04, 25.04, 02.05

Påmeldingsfrist: 21. mars              

Kursavgift: Gratis

I år er det også mogleg å følgje foredraga digitalt dersom fysisk oppmøte vert vanskeleg.
Gje beskjed ved påmelding dersom dette er aktuelt. 
 

For nærare opplysninger kontakt: 
Anita Skarstein
Telefon 94 82 59 79
E-post anita.skarstein@stryn.kommune.no

 

Påmelding pårørandeskule

 

Arrangør: Demensteamet i Stryn
 

Pårørandeskulen si brosjyre (PDF, 303 kB)