Etterlengta bedriftsbesøk på Hagen AS

Arbeidssenteret har vore på omvising på trappefabrikken Hagen, der fekk dei informasjon og følgde produksjonslinja frå start til slutt.

 

 

I 1985 starta Stryn Arbeidssenter å telje og pakke skruer for Hagen AS, og det gjer vi stadig for fullt. No har vi også fått sett korleis skruane bidrar til å skape dei mange flotte trappene som Hagen produserer kvar dag. Kjekt å bli minna om at jobben vi gjer er viktig. 

Med Rune Berglid som ein kunnskapsrik «guide» blei vi introdusert til dei forskjellige trappene som var utstilt. Vi blei særs imponert over dei mange praktiske løysingane som dukka fram under trappene, slik som garderobar, oppbevaring og skrivepult. Til vår overrasking og begeistring er det også mogleg å få lys i trappetrinna.

Vi fekk ei rundvisning på heile fabrikken, og følgde produksjonslinja frå start til slutt. Imponerande nok produserer Hagen meir enn 100 trapper i løpet av ei veke.

Tusen takk for vi kunne kome på besøk. Vi er no enda meir motiverte for å gjere ein god og nøyaktig jobb. Vi kjem gjerne igjen og ser når den nye fabrikkbygningen er tatt i bruk.

 

 

Tekstforfattar og fotograf: Karin Gregersen Vik.