Fekk du ikkje helsehjelpa du trong?
Du har rett til å klage om du meiner at du ikkje har fått oppfylt rettane dine som pasient, brukar eller pårørande, eller opplever å ikkje ha motteke dei tenestene du har krav på. Pårørande kan óg ha klagerett.
Treng du råd og rettleiing på vegen, kan du kontakte Pasient- og brukarombodet.
Dei informerer om rettigheitene dine.
Pasient- og brukarombodet arbeider for å ivareta pasient, brukar og pårørande sine behov, interesse og rettstryggleik i offentleg helse- og omsorgsteneste.
Dette er eit gratis lågterskeltilbod for innbyggarane i heile Norge, og du kan vere anonym.
Sist endra 19.08.2025 15.30