Fjordane Friluftsråd - Rydding av Stryneelva- og vassdrag frå 21.juli-8.august

Arbeidet startar 21. juli og vil vare fram til 8. august. Alle er velkomne til å vere med

Hvis du vil delta  må du ta kontakt med Fjordane Friluftsråd på johannes@friluftsrad.no eller ring
948 00 969 

Sidan 2018 har Fjordane Friluftsråd fjerna over 250 tonn marin forsøpling frå kyst- og fjordområde i Sogn og Fjordane. Dette arbeidet har vore utført av både profesjonelle og frivillige ryddarar.Til no har det særleg vore den ytre kysten som har vore prioritert i kampen mot marin forsøpling. I år har derimot Handelens Miljøfond valt å satse på rydding av elver og vassdrag. Det vart lyst ut ryddemidlar til 18 ulike vassdrag over heile landet, eitt av dei er Strynevassdraget.
 

Fiske i elva
Vi er merksame på at det vil førekomme fiske i elva i denne perioden. For å unngå
interessekonfliktar vil vi gjennomføre ryddearbeidet i elva i tidsrommet mellom kl. 13 og 18. Vi ønskjer å vise respekt både for grunneigarar og for dei som har betalt for fiskerett i elva.

HMS
Vi er merksame på at elva ofte er ganske stor i denne perioden. Vi skulle gjerne ha utført arbeidet seinare på hausten, men vi har dessverre berre
høve til å gjennomføre størstedelen av prosjektet i sommar. Dersom det viser seg å vere behov for ytterlegare rydding, kjem vi gjerne tilbake ved eit
seinare høve.Dersom nokon kjenner til større objekt eller forsøpling i eller nær elver og vassdrag, set vi stor pris på å bli kontakta. Vi er her for å gjere
Stryneelva og tilhøyrande vassdrag til ein endå finare og reinare stad enn dei allereie er. Vi ser fram til ein god sommar og eit par fine veker i Stryn.