Flaumskade på eigedomen din?

Stryn kommune varslar med dette om at dei som har behov for assistanse eller anna hjelp i forhold til handtering av flaumsituasjonen - tek kontakt med Sentralbordet i kommunen - tlf. 57 87 47 00.

NVE er no ute og inspiserer vassdrag, og vi ber om at dersom de oppdagar erosjonsskader i elv/ vassdrag, gjev de samtidig beskjed til kommunen om dette, som då vil vidareformidle dette til NVE.