Foreldregruppe med oppstart i mai

Stryn helsestasjons- og skulehelseteneste, ved Hilde L og Tine, skal starte opp med ny ICDP-foreldregruppe i mai. Gruppa passar for foreldre med barn frå 3 til 18 år.

  • Planlagt oppstart fredag 3. mai
     
  • Foreløpig forslag til tidspunkt: Tysdagar kl. 14.00 – 15.30
    bortsett frå første samling som blir på en fredag
     
  • Stad: Stryn helsestasjon (i sentrum)
     
  • Påmeldingsfrist så fort som muleg, slik at vi veit om vi får nok deltakarar til gruppene. 

    Ta gjerne kontakt ved interesse, sjølv om tidspunktet ikkje skulle passe i denne omgang.
     

Du kan lese meir om ICDP-foreldregruppe (Bufdir) her:
International Child Development Programme (ICDP) (bufdir.no)
Du kan og få ein liten smakebit av programmet via denne videolinken.