Frist for spreiing av husdyrgjødsel

Frist for spreiing av husdyrgjødsel er 15. september. Send skriftleg søknad dersom det er nødvendig å spreie gjødsel utan nedmolding etter denne datoen.

Etter forskrift om gjødselvarer av organisk opphav, er siste frist for spreiing av husdyrgjødsel 1. september. Stryn kommune har vedteke forskrift om utsett frist til 15. september.

Dersom det er nødvendig å spreie gjødsel utan nedmolding etter denne datoen må det sendast skriftleg grunngjeven søknad til kommunen på postmottak@stryn.kommune.no

Søknaden må innehalde kor store mengder det er snakk om, tidspunkt og kvar ein skal spreie. 
Kart bør leggast ved.