Fugleinfluensa, har du oppdaga døde eller sjuke fuglar?
Ikkje ta på, eller flytt fuglen. Du skal varsle Mattilsynet.
Meld frå ved å sende e-post til innmelding.fugleinfluensa@mattilsynet.no om desse artane:
- andefuglar (ender, gjæser og svaner)
- havsuler
- måkefuglar
- vadarar
- rovfuglar (spesielt ørn og musvåk)
- åtseleterar (kråkefuglar)
- småfugl (kun ved mange døde fuglar på eit lite område)
- rovdyr
(primært observasjon av sjuke eksemplar av raudrev, fjellrev, artar i mårdyrfamilien, gaupe) - sjøpattedyr
(ønskjer primært melding om observasjon av sjuke eksemplar av steinkobbe og havert)
Symptom
Symptom på fugleinfluensa hos villfugl vil variere utifrå art, stadiet i sjukdomsforløpet og virusvariant. Dei mest vanlege symptoma er at dei er mindre sky, balanseproblem, har unormal vriding av hovudet og vanskar med å fyke. Ein fugl kan vere smitta med fugleinfluensa sjølv om han ikkje viser alle symptoma samtidig.
Fortel oss om
- kommune, postnummer, adresse og helst også kartreferanse
(som du kan finne i kartfunksjonen på mobiltelefonen din) - kva art det gjeld
- kor mange fuglar det gjeld
Avliving av fugl
Kun personar som har tilstrekkeleg kompetanse til det, bør avlive sjuke fuglar.
Ved mistanke om fugleinfluensa skal
Folkehelseinstituttet sine råd for å førebygge smitte av fugleinfluensa til menneske (fhi.no)
følgast ved all handtering.
Sist endra 17.02.2025 12.38