Full fart med Fjelljom og trekkspelgruppa på Stryn omsorgssenter

Frivillege frå Røde Kors omsorg arrangerer dans på Stryn omsorgssenter ein gong i månaden. Både spelemannslaget Fjelljom og trekkspelgruppa er i sving og det er topp stemning. Alle kosar seg, det er både sosialt, god trim og mykje glede med musikk og dans. Her hjelper frivillige frå Røde Kors omsorg til på dansen og folk svingar seg både i rullestol, med rullator og på to bein.

Mottoet til Røde Kors omsorg er NOK som står for Nærleik – Omsorg – Kontakt.

 

Gjennom året arrangerer Røde Kors omsorg mange aktivitetar for eldre:
Dans, vårfest, trilleturar/ sykkelturar for brukarar ved omsorgsenteret, Jonsokfest, køyreturar med Moodsbussen og i romjula er det juletrefest. Røde Kors Omsorg har også fleire andre oppgåver, dei besøkjer bebuarane, går på heimebesøk og liknande.