Gjødselplan

Alle som søkjer produksjonstilskot og regionale miljøtilskot (RMP) skal ha gjødselplan. Føretak som disponerer mindre enn 5 gjødseldyreiningar kan søkje om fritak for kravet om gjødselplan.

Gjødselplanen skal omfatte alt areal som føretaket disponerer og vere basert på representative jordprøver som ikkje er eldre enn 8 år.

  • Gjødselplanen kan ein utarbeide sjølv, eller så tilbyr Norsk landbruksrådgivning denne tenesta.

  • Det er krav om ny plan kvart år, men dette kan ein oppfylle ved at føretaket  kan vurdere behov for endringar, og sjølv oppdatere planen i mellomår. Denne årlege oppdateringa må dokumenterast.

 Les meir på Fylkesmannan si side om krav til godkjent gjødselplan

 

Gjødselplanen skal minimum innehalde følgjande:

Ei kartskisse, med oppgitt målestokk, som tydeleg viser skifteinndelinga. Planen skal setjast opp skiftevis, og følgjande opplysningar skal oppgjevast for kvart enkelt skifte:

  • Jordbruksareal i dekar

  • Jordart og jordanalyse for pH, fosfor, kalium og moldinnhald

  • Fôrgrøde (dvs. fjorårets vekst)

  • Årets vekst

  • Forventa avlingsnivå per dekar

  • Årets gjødslingsbehov for nitrogen, fosfor og kalium per dekar

  • Husdyrgjødsel, slam og annen organisk gjødsel

    • Type

    • Mengde per dekar og antatt spreietidspunkt

  • Mineralgjødsel

    • Type

    • Mengde per dekar og antatt spreietidspunkt

 

Gjødslingsbehovet skal avpassast etter følgjande kriterie:

  • Jordprøveresultat for fosfor, kalium og moldinnhald

  • Vekst og gjødslingsnormer for distriktet

  • Avlingsnivå ut i fra eigne dokumenter eller anslåtte erfaringar for kvart enkelt skifte

  • Avling

Gjødselplanen skal justerast dersom vekstforholda avvik frå dei føresetnadene som var då planen vart laga.


Kontroll
Kontroll av gjødselplanen blir gjennomført i samband med kontroll av søknad om produksjonstilskot/ RMP.

For føretak som driv skjøtsel på heile eller deler av jordbruksareal der det anten skal vere redusert eller inga  gjødsling, kan godkjent skjøtselsplan reknast som godkjent i forhold til forskrift om gjødselplanlegging.

Alle som brukar sprøytemiddel skal ha sprøytejournal. Det gjeld også om andre sprøyter for deg. Det samla produksjonstilskotet avkortast med 20% dersom søkjar ikkje har gjødselplan eller sprøytejournal og dette kan doblast dersom det vert oppdaga under kontroll.

 

Jordprøver
Jordprøver skal takast kvart 4-8 år. Du kan få øskjer til jordprøver og låne jordprøvebor på landbrukskontoret.

Jordprøver sendast til:
Eurofins Agro Testing Norway AS
Avdeling jord og planter
Postboks 3033
1506 Moss

For meir informasjon, sjå eurofins.no

Uttak av jordprøver

 

Forskrift om gjødselplanleggiing