God beredskap startar hos deg – saman er vi førebudde

Forrige veke var ordførar Per Kjøllesdal, varaordførar Sonja Øvre-Flo og kommunedirektør Jon B. Nesje på tre innhaldsrike dagar saman med andre kommunefolk frå Vestland. Første to dagane på KS si strategisamling i Bergen, og så vidare til formannskapskonferansen i Region Fjordane i Førde.

ordførar Per Kjøllesdal, varaordførar Sonja Øvre-Flo og kommunedirektør Jon B. Nesje - Klikk for stort bileteOrdførar Per Kjøllesdal (t. v.), varaordførar Sonja Øvre-Flo og kommunedirektør Jon B. Nesje har delteke på lærerik strategisamling i Bergen og formannskapskonferanse i Førde.

Kva handla det om?

Hovudtema var:

  • Korleis vi som samfunn kan stå sterkare i ei uroleg tid - Totalforsvarsåret 26
  • Økonomi og omstilling i kommunesektoren
     

Vi var innom alt frå leiarskap og arbeidsgjevarpolitikk til sivil beredskap, kriseforståing og kva kommunekommisjonen si innstilling – skape meir handlingsrom til kommunane. Mange nyttige innspel – og mykje som treff oss i Stryn.
 

Kvifor er dette viktig for Stryn?

Det betyr mykje for oss å vere til stades på slike møteplassar. Vi får lære, dele, bygge gode nettverk og representere Stryn. Og ein ting var heilt klart: Skal vi møte framtida på ein god måte, må vi både omstille og utvikle oss. 
 

Beredskap – det startar med kvar og ein av oss

Eit viktig poeng gjennom dei to samlingane var at beredskap ikkje berre handlar om kommunale planar. Det handlar også om oss sjølve.  Har du tenkt gjennom eigenberedskap? Eit viktig punkt er eigenberedskapslager. Har du 20 liter vatn, nok mat for ei veke og diverse anna utstyr? Eit tips kan vere at du loggar deg på Stryn kommune si heimeside der det er mange gode forslag også anbefalt eigenberedskapslager frå DSB.   

For kommunen handlar det om å ha gode planar for ulike uønska hendingar, øve jamnleg og sørge for god informasjon - kommunikasjon. Og ikkje minst: å samarbeide godt med frivillige, næringsliv og andre lokale krefter. Dei er ein stor del av beredskapen i lokalsamfunnet. 

Totalforsvarsåret 2026 vil fokusere både på at vi alle er førebudde, kommunane har gode planar inkludert kontinuitetsplanar, eit velfungerande beredskapsråd , beredskapsleiing og organisasjon og ikkje minst at vi øver på ulike hendingar. Vi snakkar ikkje berre om krig, men også andre alvorlege hendingar som til dømes ulike naturhendingar , cyberangrep med meir.  

Stryn kommune jobbar aktivt med å ha god beredskap, men totalberedskapsåret skal gjere oss alle endå betre. Vi stiller i desse dagar opp i ulike frivillige organisasjonar etter ønskje og informerer om beredskapen. Vi har erfart at gode og robuste kommunikasjonssystem ved ulike uønskte hendingar er eit anna område som ein alltid kan bli betre på. Vi er ein kommune med mange bygdelag og vi arbeider no med å plukke ut møteplassar i kommunen der ein kan få informasjon, lade telefonar med meir.   

Tilfluktsrom – kva gjeld?

Mange har spurt oss om tilfluktsrom i det siste. Vi fekk informasjon frå statssekretæren om at Staten ikkje har som mål å byggje nye fullverdige tilfluktsrom over alt. Nokre plassar vert prioriterte og så langt vi veit no er ikkje Stryn kommune prioritert. I staden skal kommunane finne naturlege dekningsrom og gje innbyggjarane god informasjon om kvar desse er.

 

Omstilling og utvikling: 

Eit anna viktig tema på samlingane var korleis sette kommunane i stand til å utføre dei pålagde oppgåvene og tenestene som er forventa at ei kommune skal levere. Vi må også omstille og ta inn over oss den demografiske utviklinga med fleire eldre og færre yngre. Mange av kommunane i Norge hadde underskot i drifta i 2024 og det ser noko betre for 2025. Vi får også beskjed om at vi ikkje kan rekne med meir overføringar frå staten og det betyr at vi må omstille og utvikle. 

Det er sett ned ein kommunekommisjon som skal vurdere korleis ein kan auke handlingsrommet til kommunane framover. Kommisjonen har no levert del 1 rapporten som er til høyring mellom anna i kommunane. Vi skal handsame vår uttale på kommunestyremøte den 12. mars.

Stryn kommune er også med i eit nettverk med ni kommunar i Vestland som omhandlar berekraftig omstilling. I Stryn er vi i starten på eit prosjekt med berekraftig omstilling for vår kommune. Det er sett ned ei gruppe med ordførar, varaordførar, kommunedirektør, tillitsvalde, verneombod, økonomisjef, HR-sjef og kommunalsjefane som held tak i den vidare prosessen. Vi planlegg no arbeidsmøte med politikarane den 28. april der vi skal diskutere ulike moglege omstillingstiltak framover for at Stryn kommune skal halde fram å vere ei god kommune å bu i og ha kontroll på økonomien. Vi har ikkje som mål å bestemme større omstillingar på dette møtet. Vi skal informere om framtidsbilde, dele idear og synspunkt samt diskutere moglege tiltak. Arbeidsgruppa vil ta med innspela til vidare arbeid.  Vi arbeider sjølvsagt kontinuerleg med omstilling og utvikling. 

Vi tok med oss mykje nyttig kunnskap heim til Stryn – og jobbar vidare for at vi alle skal vere godt førebudde for framtida. Vi lærte at vi må gjere tiltak i god tid og før vi må.