Gode tips til deg som har redusert inntekt

I desse tider vil mange oppleve at inntekta vert redusert i ein kortare eller lengre periode. Her er nokre tips som kan vere nyttige:

Få oversikt over inntekter og utgifter – lag budsjett.

Er det utgifter du kan redusere no? 

Ver bevisst på eige forbruk. Er det innkjøp som du kan vente med å gjere?

Er alle økonomiske rettar utnytta? Informasjon om rett til dagpengar og liknande finn du på www.nav.no.
På Husbanken kan du sjekke om du har rett på bostøtte og så kan du søkje elektronisk. Du må ha klar evt husleigekontrakt og bankid før du søkjer. 
Treng du hjelp til å søkje bostøtte? Ring Stryn kommune på tlf 57 87 47 00 og avtal tid, så hjelper vi deg.

Sjekk skattetrekket ditt. Når inntekta er redusert kan skattetrekket vere for høgt. Gå inn på  www.skatteetaten.no og juster inntekta di.

Har du lån – kontakt banken og be om avdragsutsetjing. Har du fleire lån, kan du saman med banken vurdere om det er mogleg med refinansiering. Ikkje ta opp forbrukslån utan at du med sikkerheit veit at dette kan betre økonomien din på sikt.

Dersom du får vanskar med å betale rekningane dine, kontakt kreditorane så fort som mogleg. Orienter om situasjonen din og prøv å finn gode løysingar saman.

Treng du personleg råd og rettleiing, ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor for nærare avtale.