Har du hund?

Hugs at det er bandtvang i Stryn kommune frå 1. april til 15. oktober.

Frå 1. april til og med 20. august er det generell bandtvang i Norge. Alle hundar skal haldast i band eller forsvarleg inngjerda under heile perioden. Dette er for å sikre at hunden ikkje skremmer opp eller jagar fugl, vilt og beitedyr. Stryn kommune har utvida bandtvangen til 15. oktober.

Her kan du sjekke tid for bandtvang i alle kommunane i Norge

 

Det vart vedteke i Stryn kommunestyre 20. juni 2017 at det skal vere utvida bandtvang i kommunen.
«Heimel: Fastsett av Stryn kommunestyre 20.06.2017 heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold. § 6 andre ledd, jf §§ 9 og 11.
§1. Bandtvang
Det er generell bandtvang i Norge frå 1. april til 20. august. Stryn kommune utvidar bandtvangen til å gjelde frå 1. april til 15. oktober.