Har du lyst å bli støttekontakt?

Som støttekontakt hjelper du eit anna menneske å delta på aktivitetar og få eit meir sosialt liv. Du får oppdrag nokre timar i veka og får timebetalt av kommunen. I Stryn har vi behov for støttekontakter i alle aldrar til både barn, ungdom og vaksne.

Kven kan bli støttekontakt?

Stryn kommune ønskjer å kome i kontakt med deg som oppfyller desse kriteria:

  • Du er ein påliteleg person som likar folk

  • Helst over 18 år, dersom du blir spurt om å vere støttekontakt for ein du kjenner, kan du vere 16 år

  • Du kan levere oppdatert politiattest (gyldig i tre månader frå startdato)

Du kan bli støttekontakt for ein person med fysisk eller psykisk funksjonshemming eller ein som har behov for praktisk hjelp. Felles for alle er at dei har behov for assistanse for å få ei aktiv og meiningsfull fritid.

Er dette noko for deg?

Ta kontakt med einingsleiar Åshild Heggdal, tlf 934 46 790.
eller på e-post: ashild.heggdal@stryn.kommune.no
Du kan også ringje Servicekontoret Stryn kommune tlf. 57 87 47 00.