Har du sett hamnespy?

Hamnespy er ein framand art som legg seg som store teppe på havbotnen og fortrengjer andre artar. Hamnespy kan få alvorlege konsekvensar for norske kystområde og marine næringar. No treng vi hjelpa di for å stoppe spreiinga av hamnespy🤚

Kva kan du gjere?

Det viktigaste er å sjekke båt og utstyr jamleg. Du bør òg botnsmørje båten med anti-fouling måling før du set den ut.


Har du fått hamnespy på båt eller utstyr?

Fjern hamnespy ved å:
🛶setje båt/ utstyr på land i ei veke
🚿spyle eller skrape botnen av båten/ utstyret. Sørg for at begroing og spylevatn ikkje renn ut i sjøen
💦plassere utstyr med begroing i ferskvatn i minst seks timar

Les meir om korleis du kan bidra til å stoppe spreiinga av hamnespy her:
Stopp spredning av havnespy - Miljødirektoratet