Heider og takk for lang og tru innsats

Den 7. og 8. desember 2021 markerte Stryn kommune tilsette som hadde arbeidd i organisasjonen i 25 år (for åra 2020 og 2021) og takka av dei som slutta i 2020 og 2021. Arrangementa var i Stryn kulturhus.

Den 7. desember 2021 markerte Stryn kommune tilsette som har arbeidd i organisasjonen i 25 år i 2020 med merke og diplom, samstundes som vi takka av dei som slutta i 2020.
Markeringa vart ikkje gjennomført i 2020 grunna Covid 19. Både ordførar, kommunedirektør og kommunalsjefane var til stades for å gje dei tilsette ein velfortent takk. Det blei ei fin og verdig stund med god julemat, musikkinnslag og taler. Tilsette (13 var ikkje tilstades på markeringa) som fekk heider og takk for lang og tru innsats for Stryn kommune:

 

Bilde av alle glade deltakarane på scena i kulturhuset. Foto. - Klikk for stort bileteFølgjande deltok på markeringa: Bak frå venstre: Else Dispen, Anita Kjerstad, Solveig Lien Roset, Karin Auflem Tjugen, Aud Ingebrigtsen, Aabrekk, Maren Lisbeth Øren, Sigrun Solbakken Bøe, Astrid Eikenæs Svarstad, kommunedirektør Jon B. Nesje. Rekkja i midten frå venstre: Ann Elin Strand (25 år), Solveig Hammer, Wenche Karin Hammer, Inga Gullbjørg Sunde, Anne Turid Skåden, Lisbet Aarnes, Elin Irene Sunde. Framme frå venstre: Ordførar Per Kjøllesdal, kommunalsjef helse og sosial Heidi Vederhus, Ellen Kirkeeide (25 år), Magnhild Blakset, Lise Skåden, Bente Kristensen, Gunvor Godø, fungerande kommunalsjef skule og kultur Eva Sefland. Nils-Petter Hauge

  

 

 

Den 8. desember markerte Stryn kommune tilsette som hadde arbeidd i organisasjonen i 25 år i 2021 med merke og diplom, samstundes som vi takka av dei som slutta i 2021.

Både ordførar, kommunedirektør og kommunalsjefane var til stades for å gje dei tilsette ei velfortent takk. Det blei ei fin og verdig stund med god julemat, musikkinnslag og taler. Tilsette (18 var ikkje tilstades på markeringa) som fekk heider og takk for lang og tru innsats for Stryn kommune:

 

Bilde av alle deltakarane på scena i kulturhuset. Foto. - Klikk for stort bileteFølgjande deltok på markeringa: Bak frå venstre: Fungerande kommunalsjef teknisk Geirmund Dvergsdal, Anita Myklebust (25 år), Rikard David Bø, Johanna Sandøy Skarstein, Merethe Søgnen, Margunn Skarstein (25 år 2020), Reidar Bruland, Egil Westvik, Tor Guddal, kommunedirektør Jon B. Nesje, Anne Marie Stølen (25 år). Rekkja i midten frå venstre: Gerd Sunde (25 år), Steinar Fjellkårstad, Hege Heggdal Engesæt, Laila Westvik, Hilde Lødøen, Kari Kvåle Faleide, Åshild Ulvedal Bøe, Brynjulf Solheim, fungerande kommunalsjef skule og kultur Eva Sefland, Trine Hegna (25 år). Framme frå venstre: Britt Elise Overaa Eide (25 år), kommunalsjef helse og sosial Heidi Vederhus, ordførar Per Kjøllesdal, Lisbeth Lervik Helset, Wenche Henden, Torill Olaug Bennæs, Reidunn Nesse Brynestad, Anne-Karin Høgalmen, Marit Gjørven Berge, Asbjørn Berge. Nils-Petter Hauge