Hugs ny frist for spreiing av husdyrgjødsel: 15. september
Frå og med 2025 er fristen 15. september for haustspreiing av husdyrgjødsel. Dette gjeld heile landet. Kommunane kan ikkje lenger fastsetje eigne fristar, og det er berre Statsforvaltaren som kan gje dispensasjon, og då berre i særskilde tilfelle.
Tøming av lageret etter andreslåtten
Det er lurt å tømme gjødsellageret etter andreslåtten for å få god plass før hausten. Har du meir gjødsel enn lagerkapasiteten tillet, bør du vurdere å inngå avtale om bruk av andre lager.
Dispensasjon og overgangsordning
Statsforvaltaren kan gje dispensasjon for spreiing etter 15. september, men berre ved uventa og spesielle situasjonar. Overgangsordninga gjeld fram til 2028.
Frå 2029 blir det strengare krav: all spreiing må skje innan 15. september, og siste gjødsling må skje tidleg nok til å rekke hausting etterpå.
Planlegg for framtida
Overgangsordninga gjeld ikkje om du byggjer om til lausdrift eller gjer større endringar som aukar gjødselmengda. Bruk tida fram til 2029 til å sikre god lagerkapasitet slik at du held deg innan dei nye reglane.
Trykk her for meir informasjon frå Statsforvaltaren
Sist endra 06.08.2025 13.07