Hytteforbodet varer til 20.april

Fram til hytteforbodet er oppheva har kommunene har ikkje adgang til å gje dispensasjon frå hytteforbodet. Det blir oppfordra om at hytteeigarar ikkje tek kontakt med kommunen for å krevje unntak. Unntaka er forklart i forskrifta. Strengt nødvendig vedlikehald eller tilsyn for å hindre store materielle skader er tillate. Les forskrifta her

 

Unntak frå hytteforbodet for personar som bor saman med nokon som er smitta av koronavirus
Det blir gjeve unntak for personar som er i karantene fordi dei deler husstand med ein som er bekrefta smitta av koronaviruset. Bakgrunnen er at det er betydeleg risiko for at ein koronasmitta kan smitte andre i same husstand. Det vil ofte vere praktisk vanskeleg for den smitta å vere isolert når ein deler bustad med fleire. Personar som er i karantene fordi dei deler husstand med ein som er bekrefta smitta, kan overnatte på hytta i den perioden den smitta er i isolasjon heime. Den smitta skal bli heime, mens dei andre personene i husstanden kan overnatte på hytta.

Pendlerbustad  er ikkje omfattet av hytteforbodet

Hytteforbodet omfattar personar som overnatter på "fritidseigedom" i annan kommune enn der vedkomande er folkeregistrert. Dette betyr at pendlerbolig eller annan eigedom som ein må nytte for å utføre yrkesmessig arbeid ikkje er omfatta av forbodet.