Influensavaksine og koronavaksine hausten 2024

Denne hausten tilbyr Stryn kommune influensavaksinering tre dagar i Stryn sentrum og ein dag i Innvik.  Det blir drop in til 65 + og alle i risikogruppene. Eigenandelen for vaksinen er kr. 250,– Det vert tilbod om gratis koronavaksinering same datoane.

DROP IN

Stryn kulturhus 
31 oktober, 1. og 7.  november:
Vaksinasjon frå kl 09.00 – 14.30
Pause 12.00 – 12.30


Innvik fjordhotell 
8. november: 
Vaksinasjon frå kl 09.00 – 14.30
Pause 12.00 – 12.30
 

Influensavaksine anbefalast spesielt for: 

  • Bebuarar i omsorgsbustadar og på sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko 
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månadar (kronologisk alder) til 5 år
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma),
    • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personer med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
    • nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (f.eks. personar med medfødde kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert anna stad)


I tillegg anbefalast influensavaksine til:

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
  • Personar som bur saman med (eller er tilsvarende nære) immunsupprimerte
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande griser
  • Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl. For grunngjeving sjå annan artikkel: Sesonginfluensavaksine til personer i fjørfenæringa ved utbrudd av fugleinfluensa

 

 

Pris

Eigenandelen for influensavaksinen er kr. 250 –
Koronavaksinen er gratis.