Informasjon til abonnentar av vass- og avløpstenester i Stryn kommune
Stryn kommune innførte i 2019 forbod mot vatning og unødig bruk av vatn i samband med ombyggjing av dammen ved Holevatnet. Forbodet gjaldt abonnentar til Stryn vassverk, dvs. Stryn sentrum med nærområder og abonnentar på linjene ut mot Ulvedal/Blakset.
Dette vatningsforbodet vert frå og med 18. mai 2020 oppheva
Avløp og spillvatn – påminning.
Avdeling for kommunalteknikk som til dagleg driftar kommunen sine avløpssystem, dvs. ledningsanlegg, pumpestasjonar og renseanlegg, opplever at det stadig hamnar ting i avløpssystemet som ikkje burde være der. Det kan være leiker, filler, moppar, q-tips, bind, våtserviettar, matavfall, fett, bleier, osv. Dette er ting som ABSOLUTT IKKJE skal i toalettet for så å hamne i avløpssystemet. Filler, leiker, bleier m.m. er utfordrande å få i pumpestasjonar der pumpehjula vert blokkerte og avløpspumpene vert øydelagde. Q-tips er eit stort problem i ventilar der dei kan hindre ventilane å stenge skikkeleg. Avløpspumper kostar mellom 30.000,- og 100.000,- kr. alt etter storleik. Alle kostnadar med vedlikehald av avløpssystemet inklusive rør, pumpestajonar og renseanlegg vert ført tilbake til abonnentane etter sjølvkostprinsippet. Kommunen ber difor alle sine avløpsabonnentar om å sjå til at kun det som skal i toalettet, hamnar der. Dette skal du ikkje kaste i toalettet:
– Feitt
– Q-tips
– Hår
– Flytande stearin
– Bind
– Bleier
– Bomull
– Klutar
– Våtserviettar
– Pussegarn
– Olje og oljeprodukt
– Løysemiddel
– Tynnar
– Måling/beis
– Fotovæske
– Fargestoff og kontaktlim
Kun tiss, bæsj og talettpapir skal i toalettet, sjå denne lenkja for do-vett-reglar: http://dovett.no/#donts
Oslo vann og avløp sin informasjonskampanje: https://www.dinside.no/bolig/det-er-bare-tre-ting-som-skal-i-toalettet/61210229
For other languages, check this out: https://doguiden.no/languages/