Innbyggjarundersøking for eit berekraftig reiseliv i Nordfjord

Visit Nordfjord og Nordfjordkommunane gjennomførar no ei felles undersøking for å kartlegge kva innbyggjarane meiner om utviklinga av reiselivet i Nordfjord. Målet er å skaffe innsikt som gjev svar på korleis ein skal sikre ei god og berekraftig utvikling av Nordfjord som reisemål og stad å bu.

- Prosjektet «Berekraftig reisemål Nordfjord» er eit politisk vedteke prosjekt i samtlege kommunar i Nordfjord. Bakgrunnen for prosjektet er at reiselivet i Norge må omstille seg til å bli meir berekraftig. Nordfjord er ein svært attraktiv plass i Norge å reise til, og for at reiselivet i Nordfjord skal klare å skalere opp i størrelse må det gjerast på ein berekraftig måte. 

Merkeordninga «Merket som berekraftig reisemål» er ei merkeordning som er laga og eigd av Innovasjon Norge. I merkeordninga er det 104 indikatorar prosjektet må levere på. Dei fleste ligg i Miljø, sosiale forhold og økonomiske forhold (berekraft). Døme på dette er bl.a. at kommuneadministrasjonane skal bli Miljøfyrtårn og at vi skal fokusere på eit godt arbeidsmiljø for tilsette i reiselivet.

Visit Nordfjord er leiar og eigar av prosjektet. I tillegg er også alle kommunar representerte i styringsgruppa, saman med reiselivet i Nordfjord, Vestland Fylkeskommune og Innovasjon Norge.

Oppmodar innbyggjarane om å delta

- I prosjektet vert det gjennomført tre undersøkingar.

Ein for medlemar i Visit Nordfjord (utført april 2023), ein for gjester (gjennomført sommaren 2023), og så denne som er for innbyggjarane i Nordfjord, seier prosjektleiar i Visit Nordfjord, Alexander Fransson. Når alle disse tre undersøkingane er klare kan vi sjå korleis reiselivet i Nordfjord opplever berekraft, jobbar med det og kva dei treng hjelp til. Samtidig vil vi få svar på kva gjestene meinar, kva som er bra og kva dei meiner kan bli betre.

Men vi må også ha informasjon frå innbyggjarane, dette er kanskje det viktigaste i det store heile. Skal prosjektet bli ein suksess må vi finne ut korleis innbyggjarne ser på berekraft i regionen, og då med eit ekstra auge på reiseliv og turistar, avsluttar Alexsander, med oppmoding til innbyggjarane om å delta.

Undersøkingane vil legge grunnlaget for ein Masterplan for Nordfjord og for den strategiske utviklinga i åra framover. I tillegg vil undersøkingane gje viktig underlag til Tålegrenseanalysa på cruise som no er igang.

Svar på undersøkinga om eit berekraftig Nordfjord