Innskriving av elevar til 1. klasse skuleåret 2024-2025

Det blir innskriving av elevar til 1. årstrinn for skuleåret 2024/25, barn fødde i 2018.

Innskriving skjer i perioden 13. november - 24. november 2023.
Dersom foreldra søkjer om det, eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkunnig vurdering, la eit barn ta til på skulen eitt år tidlegare, jamfør Opplæringslova § 2.1. 
Skulen må ha melding om at slik søknad vil kome. 
Skulane i kvar krins vil sjølve sende ut innkalling til innskriving med nærare orientering om frammøte. Innskrivingsskjemaet ligg på heimesida til Stryn kommune. Heimar med barn som skal ta til på skulen hausten 2024, men som ikkje får melding innan 13. november 2023, må ta kontakt med skulen i krinsen der dei bur.   

Vel møtt! 


Kommunalsjef oppvekst